Vinteren hjelp ikkje! Kulda bit, og gjer at både hud og hår blir gusten og tørr. Om vinteren er det veldig viktig å pleie hud og hår! Hud kan vere vanskelig når det gjeld pleie då alle har forskjellig hud, og min fuktighetsrike nattkrem kan vere heilt feil for deg. Dette gjeld også for hår! Tjukt, tynt, tørt, tungt.. alle treng hårpleie som er tilpassa akkurat sin hårtype! Mitt hår er tjukt og treng masse fuktighet, men har du tynt og fint hår kan det hende dette tynger håret. Stikk innom frisøren din og få tips om kva produkt som kan hjelpe akkurat ditt hår! Det finst eit hav av produkt, og det kan virke umulig å bestemme seg når alle reklamerer for at dei er best. Det er her frisøren kjem inn. Dei har tross alt 4 år med skule og lære og har kompetanse til å finne det riktige for deg! :)
Når du har pleia i boks er det kjekt å ha litt triks for å få livlaust hår til å sjå glamorøst og flott ut!
Her skal eg vise deg ein flott og grei måte å føne håret for å få masse volum og bra hold:
Del inn vått hår og begynn å føne volum i håret med ein rundbørste. Ikkje ta for store passéar, og føn det heilt tørt før du byjrar på neste passé.
Når passéen er tørt, rull den opp på rundbørsten og føn forsiktig. Når du rullar den ut vil det vere ein lett fin krøll (jo mindre rundbørste, jo meir krøll). Denne krøllen rullar du opp og fester med ei klemme som du lar kjøle seg ned medan du tar resten av håret.
Husk å heve håret høgt over passéen for å få masse volum!
Når håret er kjølt ned kan du ta ut klemmene. Om håret fortsatt er varmt, kan du risikere at krøllane sig.
Børst ut krøllane med ein naturbørste! Ikkje vær redd! Dei blir ikkje ødelagt! ;)
Tuppér håret litt for å få vekk inndelingsskillene. Om du vil ha stort hår er det berre å tuppére til du har nådd ønska resultat. :)
Voila!
Tenk på alt vi lærer på så kort tid på Norsk frisørskule!
-Silje-